Velkomen til oss
Tegneren AS er eit kompakt design- og reklamebyrå med lang fartstid. Vi held sterkt fokus på kvalitet, og ynskjer å framheve det unike ved kvar kunde.
Tegneren har kontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Vår kundemasse er ei fin blanding av små og store bedrifter med lokalt, så vel som globalt perspektiv for sine verksemder. Dette har gitt oss god kunnskap om marknadsføring og design som fungerer på ulike nivå. Logo, grafisk profil, nettsider, trykksaker og profilering er våre satsingsområder. Vi set vår ære i høg kvalitet og presise leveransar.
Filosofi
I vårt arbeid med design og kommunikasjon ser vi ofte at forenkling er naudsynt for å framheve bodskapen. Less is more - så avgjort.
Mediejungelen i informasjonssamfunnet vert tettare og tettare. Konkurransen om merksemda er enorm! Dei som klarer skilje seg ut - dyrke det unike - vert vinnarane.
Det skal alltid vere ei god oppleving å bruke Tegneren. Du skal føle deg velkomen og sett, og oppdraget ditt skal bli utført på ein måte som gir deg fortrinn i marknaden din.
Organisasjon
Om vi er eit lite byrå, har vi eit omfattande nettverk av samarbeidspartnerar som gjer at vi kan vere svært effektive.
Gjennom åra har vi etablert eit solid nettverk av underleverandørar; trykkeri, fotografar, filmskaparar, programmerarar, messeutstyrsleverandørar o.l.
Våre underleverandørar er handplukka for å gi deg det aller beste resultatet. Som storkunde oppnår vi gode prisar og presise leveransar, noko som også kjem våre kundar til gode.
Tegneren sidan 1974
Tegneren vart etablert av Arnljot Myrene. Å starte reklamebyrå på ytre søre Sunnmøre i 1974, vart gjerne sett på som eit vågalt prosjekt.
Grunnleggaren ville prøve ut dyrekjøpt kunnskap i design og dekorasjon, tileigna gjennom studiar i Kongens København. Tegneren vart «fødd» i etasjen over Gjerdes Trykkeri på Hareid og kom raskt under huda på trykkeribransjen. Fleire oppdrag vart utført for trykkeriet den første tida.
Via Haddal og Mylna på Saunes, kom Tegneren til Vikemyra 3 i Ulsteinvik sentrum ved juletider i 1997. Her utvikla vi oss i takt med den digitale revolusjonen; paste-bordet, saksa og limstiften vart bytta ut med PC, ctrl C og ctrl V. Måten å jobbe på endra seg drastisk på 20-talet - og når møter skjer på Teams og arkivet ligg i skya såg vi mindre behov for eit stort hus med kontor, kantine og lager. Hausten 2026 beslutta vi derfor å gi slepp på tanken om tradisjonelt kontor og flytta ut av Vikemyra 3. Tegneren opererer og tilbyr dei same tenestene som før, digitalt tilgjengeleg - eller i møte over bordet i bedrifta di.
I dag er det Therese Myrene som driv designbyrået i Ulsteinvik.