Vi hjelper deg å bygge lekre og funksjonelle nettsider i Squarespace

Eit kraftig verkty med innebygde modular for det meste; nettbutikk, galleri, kalender, kart, blogg - og nyhendebrev knytt til e-post. Squarespace har tette linkar mot sosiale medium - og eigne appar for posting frå mobil. Med innebygd analyseverkty kan du enkelt monitorere trafikken på sida og sjå kva innhald som fenger mest, kvar kunden din sit og kva kanal han entra sida di frå.

Responsive design og enkel redigering
Alle sider bygd i Squarespace er responsive. Det betyr at dei tilpassar seg automatisk til mobil og nettbrett. Redigering skjer etter intuitivt drag-and-dropp-prinsipp. Plukk i eit stort bibilotek av innebygde modular og bygg layout etter behov. Du kan enkelt handtere foto, og du kan til og med redigere bilda direkte i Squarespace. Det er lett å lage bildegalleri og du legg enkelt inn videoar frå for eksempel Vimeo og YouTube. Tegneren tilbyr opplæring i verktyet.

Automatisk kopling mot sosiale medium og posting via app
Squarespace er eit moderne verkty med direkte koplingar til sosiale medium. Når du publiserer innhald via blogg kan du angi at du samtidig vil legge det ut på Facebook eller LinkedIn. Slik kryssposting er positivt i høve Google, og gir meir trafikk inn til sida. Blogginnlegg kan også postast via ein gratis app på mobil (iPhone og Android). Om du har konto på Instagram kan denne speglast inn i nettsida di.

Søkemotoroptimalisering (SEO)
Squarespace er optimalisert i høve Google og andre søkemotorar. Du kan for eksempel legge eigne SEO-tekstar på alle sider og bilda kan merkast med ALT-tekster. Du kan sette URL uavhengig av tittel på artiklar. Hos Squarespace finn du også ei sjekkliste for tiltak som kan betre rankinga di.

Analytics
Squarespace har innebygd statistikk der ein får oversikt over dei viktigaste tala for trafikken på sida. Slik er det lett å følge med og justere innhald og struktur etter konkrete tal og data. Analytics er også tilgjengeleg på mobil via gratis app. Om ynskjeleg kan ein kople Google Analytics til sida.

SSL-sertifikat
Frå juli 2018 sette Google endå sterkare fokus på sikker surfing. Alle nettsider som ikkje har tatt i bruk HTTPS blir merkte med «Not Secure». Sider bygde i Squarespace kjem med sikkert https-domene.

Squarespace har over 2 mill. brukarar på verdsbasis, og er per no størst i Norge.

Kontakt oss om du vil vite meir om Squarespace.

 
Tegneren er Squarespace Circle Member.
 

Eksempel på nettsider bygde i Squarespace

Klikk på bilda for å besøke sidene.