Trykksaker og bøker

Enkle skjema og folderar eller påkosta brosjyrar med komplekse gridsystem, lakk og preg. Eksklusivt spesialpapir - eller lavbudsjett til masseutsending. Konvolutt med og utan vindu. Kor brei skal bokryggen vere? Design og layout blir skreddarsydd etter dine ynskje og behov.

Tegneren designer trykksaker, bøker og emballasje i eit breidt spekter. Med gode underleverandørar på laget kan vi også levere ferdige trykksaker; brosjyrar, menyar, visittkort, etikettar, emballasje, bøker og magasin.

Vi hjelper deg gjerne med trykksaker. Du finn oss her.

 

Emballasje

Innpakking handlar om meir enn å verne varen din fysisk. Emballasjen skal bere viktig og lovpålagd informasjon samtidig som han skal skape tillit og gjerne forføre.

Treng du etikettar til flasker og glas, esker i papp eller kartong, bereposar i papir eller stoff - spesialdesigna eller etter standard mål; spør oss gjerne om hjelp.

 
 
 
Emballasje (kartongar) for Pure Water
Emballasje (kartongar) for Pure Water
 
Emballasjeserie for Stressless/Ekornes