Logo / Identitet

Logoen er det viktigaste elementet i ein god grafisk profil. Gjennom analyse, forenkling og visualisering søkjer vi å fange essensen av kunden i eit unikt symbol som gir attkjenning og identitet.

Ein god grafisk profil inneheld alle dine kommunikative verkemiddel - spesialdesigna og tilpassa di bedrift. Med alle grafiske element samla i ei digital profilhandbok, blir det enkelt å gjennomføre konsekvent design i all kommunikasjon med omverda.
Du oppnår betre marginar med sterk identitet og solid grafisk profil.

Sjå logoreferansar her.

Nettside i Squarespace

Nettsida di kan vere næraste kontaktflata til kunden din. Det er derfor avgjerande med god funksjonalitet, at sida har ein lett tilgjengeleg layout som fungerer på ulike plattformer som pc, lesebrett og mobil.

Det er viktig å legge ein struktur og produsere innhald som stør opp under behovet nettsida skal dekkje. God design tek vare på identiteten din og let deg enkelt og intuitivt navigere gjennom sida.

Hjå Tegneren får du nettsider bygd i Squarespace - eit av dei mest moderne og brukarvenlege publiseringsverktya på marknaden. Les meir om dette her.

Messe / Utstilling

Messe er for mange bedrifter ein viktig arena der ein møter kundar og kontakter. Ein messestand er med på å sette tonen for desse møta, og skal by inn til gode samtalar og signerte kontrakter.  

Tegneren har i mange år designa og levert messestandar og -utstyr, med fokus på kvalitet, funksjon og tydeleg profilering. Om behovet er enkle roll-upar, samanleggbare messevegger med lys, plassbygd stand designa etter mål – eller permanente utstillingar – så hjelper vi deg.

Sjå eksempel på messe og profilering vi har levert her.

 

Trykksak / Bok

Enkle visittkort og folderar eller påkosta brosjyrar med komplekse gridsystem, lakk og preg. Eksklusivt spesialpapir - eller lavbudsjett til masseutsending. Konvolutt med og utan vindu. Kor brei skal bokryggen vere? Design og layout blir skreddarsydd etter dine ynskje og behov.

Designtrendar og trykkemetodar er i stadig endring. Vi var der den tida trykkoriginalen vart limt saman av små papirbitar på eit lysbord og vi er her i dag med moderne, digitale produksjonsmetodar.

Her kan du sjå eksempel på trykksaker og emballasje levert av Tegneren.

Skilt / Flagg / Kle / Bildekor

Skilting og profilering handlar om å byggje identitet – frå jakkeryggen til ein joggar i marka til synlege, forståelege og gjenkjennelege uttrykk der folk ferdast.

Vi hjelper deg med alt frå små, enkle dørskilt og stadionreklame til komplette skiltsystem – inne og ute – og tilbyr også profileringskle og -artiklar frå capsar og t-trøyer til messeantrekk, strøartiklar og påkosta gåver, alltid med omtanke for identiteten din.

Sjå eksempel på profilering vi har levert her.

Emballasje

Innpakking handlar om meir enn å verne varen din fysisk. Emballasjen skal bere viktig og lovpålagd informasjon samtidig som han skal skape tillit og gjerne forføre.

Treng du etikettar til flasker og glas, esker i papp eller kartong, bereposar i papir eller stoff – spesialdesigna eller etter standard mål; tilpassa uttrykk, opplag og praktisk bruk, materialval og produksjonsløysingar – spør oss gjerne om hjelp.

Her kan du sjå eksempel på trykksaker og emballasje levert av Tegneren.

Er du fersk gründer?

Skal du starte eiga verksemd er det mange brikker som må på plass. Hos Tegneren har vi i alle år assistert gründerar i etableringsfasen. Kanskje vi kan hjelpe deg også?

Sjekk den fleksible Gründerpakken vår og sjå eksempel på pakkar vi har levert her.