Åtte av ti vil lese lange tekstar på papir

Ei dansk undersøking syner at eit klart fleirtal av folk, særleg unge, føretrekk å lese lange tekstar på papir og ikkje på skjerm. Resultatet snur opp ned på vante førestillingar om kven som er mest ivrige etter å behalde aviser og bøker på papir - og myten om at dei unge, digitalt innfødde helst vel å lese digitalt står for fall. 

Undersøkinga er eit uttrykk for at hjernen har lettare for å konsentrere seg om informasjon på papir, noko også andre undersøkingar har vist. Elles finn ein at langt fleire kvinner enn menn vel papir framfor skjerm, og at fleirtalet av universitetsutdanna helst les lange tekstar på papir. 

Forrige
Forrige

Kor rask og mobilvenleg er nettsida di?

Neste
Neste

Seks designtips for betre Facebook-annonsering