Har du ein grafisk profil - så bruk han

Vår påstand; altfor mange grafiske profilar er stemoderleg handsama - og vert gjerne plasserte på ein pc i ein blindveg av eit intranett. Slik bør det ikkje vere.

Å framstå tydeleg og gjenkjenneleg er viktigare no enn nokon gong tidlegare. Nye medie har demokratisert kommunikasjonen - og vi kan alle opprette eigne kanalar for å nå ut i målgrupper. Internettet har rett og slett revolusjonert bransjen. Informasjonstrykket er enormt og kampen om merksemda skjer 24/7 - året rundt. Her kan den grafiske profilen din, om han vert nytta, hjelpe deg. Med konsekvent bruk av fontar, fargar, språk og bilde kan du skilje deg ut i massane - og møte marknaden med eit solid fortrinn. Så har du investert i ein visuell identitet for firmaet ditt; implementer han og la han gjennomsyre all kommunikasjon - i alle former - internt og eksternt. Sett gjerne ein eigen ressurs på å vakte over dette viktige arbeidet - det vil kaste av seg i form av einsarta identitet og solid merkevare. Spel ut dei visuelle verkemidla du har på handa. Ikkje la dei ligge i ein avkrok på intranettet og samle støv.

Treng du hjelp med grafisk profil?

Ein god grafisk profil inneheld alle dine kommunikative verkemiddel - spesialdesigna og tilpassa dine målgrupper og verdiar. Med ei digital profilhandbok, blir det enkelt å gjennomføre målbevisst design i all kommunikasjon med omverda. Du oppnår betre marginar med sterk identitet og solid grafisk profil.

Ta kontakt for eit møte og tilbod på grafisk profil - eller om du treng ei oppgradering av profilen du allereie har.

Neste
Neste

Verktøyet som gjer det enkelt å oppgradere til Squarespace 7.1