Kan AI gjere designjobben like bra som Tegneren? Er det eit godt vegval?

For mange kundar skaper AI eit nytt val i møte med design: ynskjer vi noko som er raskt og billeg, eller noko som er gjennomtenkt og varig.

Når fart og utføring er gratis

Vi er på veg inn i ei tid der fart er gratis, teknisk utføring er automatisert og malar og ferdige løysingar finst overalt. Ein logo kan genererast på sekund. Ein nettstad kan setjast opp med nokre få klikk. Ein «fin» design er ikkje lenger sjeldan. Og nettopp derfor er han heller ikkje lenger verdifull i seg sjølv.

Det som ikkje kan automatiserast

Det som skil gode designarar frå resten, er ikkje verktøya. Det er ikkje kor raskt ein jobbar. Det som er avgjerande er smak, vurdering, kontekstforståing og evna til å skape klarheit i kaos. Design handlar ikkje om å pynte. Å få det til å sjå fint ut er ikkje nok. Hos Tegneren jobbar vi med strategien bak logoen, ein grafisk profil som held over tid, nettsider som støttar måla til kunden. AI kan vere eit nyttig verktøy i prosessen – men det kan ikkje ta avgjerder. Det kan ikkje forstå heilskapen eller erstatte god dømmekraft. Utviklinga vi ser no er avslørande. Ho skil utføring frå tenking, pynt frå design og volum frå verdi. Finn derfor ein desingar som forstår verksemda di og kan spegle verdigrunnlag og mål i varig og berekraftig design.

Treng du hjelp med strategisk design som står seg over tid?

Kontakt oss for eit møte i dag.

Neste
Neste

Kjem SEO til å funke i AI-verda? Eller må vi tenkje nytt?