Tegneren på flyttefot

Tidene endrar seg og med møter på Teams og arkiv i skya ser vi mindre behov for eit stort hus med kontor, kantine og lager. Etter 30 år gir vi derfor slepp på denne perla vi sit på i Ulsteinvik sentrum - og håper andre vil ha glede og nytte av det vakre og velstelte trehuset i Vikemyra. Tegneren vil operere og tilby dei same tenestene som før, digitalt tilgjengeleg - eller i møte over bordet i bedrifta di.


Treng du eit hus til butikk, galleri, kaffebar, kontor... kanskje i kombinasjon med leiligheit? Overetasjen var tidlegare regulert som bustad - og kan med nokre grep igjen fungere som det. Vi håper nokon vil fylle roma med nytt liv og ta god vare på huset. Med korte vegar til alle sentrumsfunksjonar er dette ei unik moglegheit i ein spanande by og region.

Vikemyra 3 kjem for sal i løpet av hausten.


Neste
Neste

Kan AI gjere designjobben like bra som ein designar? Er det eit godt vegval?