Pelstid hjå Viti og Sunnmøre museum i Ålesund
Torsdag 4. juni opna den nye utstillinga Pelstid på Sunnmøre museum i Ålesund. Utstillinga fortel ei spanande soge der Sunnmøre stod sentralt i utviklinga av pelsdyrnæringa her i landet. Det er eit spenn på over 100 år frå dei første sølvrevane kom hit frå Canada og til næringa vart lagd ned som fylgje av forbodet som vart innført i 2025.
Tegneren har levert design på skilta i utstillinga - frå dei minste objektskilta til store temaskilt. Vi takkar museet, utstillingsdesigner Anne Mette Prestegård og utstillingskunstnar Simon Wågsholm for godt og inspirerande samarbeid i eit fint prosjekt.
Her kan du lese meir om utstillinga på Sunnmøre museum sinen nettsider.
Eit reveskur frå Barstadvik er innlemma i utstillinga.
Paletten i utstillinga er nedtona og naturleg.
Bølgeblekk frå reveskuret er nytta som vegger og transportkasser som podie i utstillinga.
Pelstid er ei utstilling med mange spanande detaljar å studere.
Reven på objektskilta er henta frå etikettar nytta i næringa og signaliserer kvar i utstillinga du er.