Tegneren leverer komplett logoprogram til Gullull Design i Ulsteinvik
Gullull vart etablert av Ingunn V. Kroken på 1990-talet. Fokuset låg allereie då på ullprodukt av høg kvalitet. Ho hausta brei anerkjenning og hadde innverknad på ein heil bransje. No tek Stine og Kristin over porteføljen og vidarefører sortimentet i Bare RnD under navnet Gullull Design.
Gullull sin logo er løyst typografisk og er sett saman av enkle, repeterande former. Buktande liner gir assosiasjonar til tråd og strikk. G i logoen kan, med litt fantasi, sjåast som hovudet til ein merinosau. Element frå logoen er sett saman i eit mønster av merinosauer.
Ein bevisst og gjennomført bruk av designelement bygger identitet og gir god gjenkjenning over tid.
Tegneren takkar for fin utfordring med design av logo og grafisk profil og gler oss til å sjå nettbutikken på lufta.