Hareid Vekst på plass med logo og identitet designa av Tegneren
Hareid Vekst skal fremje næringsliv og jobbe med omdømebygging og ein felles identitet for å samle engasjementet i Hareid og skape framtidstru blant eigne innbyggjarar og tilreisande.
Ikonet til Hareid Vekst er løyst med eit kompakt monogram
H + V + pil dannar ei lett gjenkjenneleg form med assosiasjonar til rørsle og fart. Hareid skal vere eit knutepunkt der vi hentar og leverer vekst og utvikling - og i ikonet er dette visualisert med kryssande vegar og ei pil som peikar oppover. Ein kan også sjå ikonet som ein spire på ei grein. Pila er elles sentral i Hareid sitt kommunevåpen og i utsmykking i sentrum. Uttrykket er stramt og reint og vil stå seg over tid.
Rollups med godt blikkfang og sterk identitet.
Grafisk mønster bygger identitet og gir fin dekor i overflater.
Diskret merking på arbeidsty.