Squarespace og Weglot gjer kvardagen med mange språk enklare for reiselivsaktørane i Briksdal

Då Briksdalsbre Fjellstove og Oldedalen Skyss ynskte ei oppdatering av nettsida var det naturleg å kople Weglot til Squarespace. Med Weglot kan ein få automatisk omsetting til dei språka ein ynskjer. Lokalt i Briksdal nyttar ein nynorsk - og blant gjestene er engelsk og mandarin dekkande for mange - så det la føringa for språkvalet. Sida inneheld informasjon om aktivitet og fasilitet i Briksdal. Her kan du blant anna bli med på den vakraste safarien i verda - med Trollbil til Briksdalsbreen. Etter turen finn du kvile og mat i fjellstova - her har du utsikt til eventyrlege fjell og fossefall.

Dei seinare åra har Briksdalsbreen trekt seg noko oppover i dalføret, men no vert det meldt om store snømengder på breplatået. Kanskje vil den majestetiske breen igjen bevege seg lenger nedover i dalen om nokre år?

Vi takkar for givande oppdrag!

 

Tegneren er totalleverandør av marknads- og profileringsmateriell for Briksdal. Hos oss får dei nettside, annonsar, profileringsty, skilt, gatebukkar, trykksaker, roll-ups og gåveartiklar.

I Briksdalen har dei så mykje natur at dei gjerne vil dele den med deg. Det er Briksdalsbreen som gir det mektigaste inntrykket. Breen er ein arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet. I over hundre år frakta Oldedalen Skyss turistar med hest og vogn opp Briksdal til den majestetiske breen. I dag går transporten med moderne Trollbilar. Etter turen finn du kvile og mat på Briksdalsbre Fjellstove. Her har du utsikt til eventyrlege fjell og fossefall.

Tegneren har også designa logo og grafisk profil. Vi takkar for langt og godt samarbeid!

Neste
Neste

Tegneren har designa og levert brosjyre og datablad til Ventiq