Nynorsk bedriftsforum oppdatert med logo og grafisk profil frå Tegneren

Nynorsk bedriftsforum styrker nynorsk i næringslivet og vil gjere det enklare for alle bedrifter å bruke nynorsk i kommunikasjon og marknadsføring. Ihuga nynorskbrukarar som vi er, er vi glade for at dei hyra oss då logo og grafisk profil skulle formast. Takk for oppdraget og tilliten!

 
 
 

Vi ga logoen til Nynorsk bedriftsforum eit innhaldsrikt ikon. Formen er sett saman av tre element som samla utgjer eit triangel. Dei tre elementa er avskorne snakkebobler som representerer målgruppene; nynorskbedriftene, akademia og myndigheitene - og samtalen dei skal leiast i. I samanføyingane av snakkeboblene oppstår det tre pennesplittar. Dette kan vere eit lite «Hei!» til Ivar Aasen - men også ei visualisering av det skrivne ord. Ein assosiasjon til fuglar og «venga ord» ligg også opp i dagen. Og sist - men ikkje minst - ikonet kan vere ei leiestjerne eller ein flamme/ande - noko å navigere etter i ein glødande språkkamp.

Gul er sol og varm energi - men også ein markør som oppmodar om varsemd. Slik kan fargen representere ei varm melding om å ha eit bevisst forhold til språkval i næringslivet.

 

Logoen til Nynorsk bedriftsforum i positiv og negativ variant.

 

Oppblåste utsnitt av ikonet er nytta i dekor.

 
 

 
Forrige
Forrige

Urke Maskinservice har fått ny nettside - solid fundamentert og bygd i Squarespace

Neste
Neste

Normors har fått oppdatert grafisk profil, nettside og emballasje