Vi har designa og levert logo, grafisk profil og nettside til Safetyfirst AS. Safetyfirst er spesialisert innan rømingsmerking av bygg, tunellar og skip - samt universell utforming. I tillegg leverer dei skiltløysingar og spesialbelysning (fiber og LED) i prosjekt på førespurnad. Safetyfirst står for prosjektering, produktlevering, installasjon, dokumentasjon og kontroll av eksisterande anlegg. Besøk dei her.
Symbolikk
Logoikonet kan lesast som eit romelement der frie vegar vert markerte - eller vi ser ein F i ein S.
Ikonet er også eit vaiande flagg - eller merke for eit domene.
Grønt er fargen som seier «fritt fram» - og gir assosiasjonar til miljø.
Vi takkar for oppdraget - og ynskjer lukke til med implementeringa.