Briksdal med gode resultat på fjordnorway.com

I fleire år har Briksdal annonsert digitalt via Fjord Norway sin reiselivsportal; fjordnorway.com. Investeringa gir gode resultat og avkasting i form av auka trafikk til nettsida briksdal.no. Annonsane er plasserte på ulike sider i portalen - med bodskap tilpassa titlane på dei aktuelle sidene. Visingane er lagt til ein utvida sesong; frå mars til november. Slik når ein turistar og reiseoperatørar i planleggingsfasen - og ein finn dei som nyttar portalen i høgsesongen medan dei oppheld seg i nærområda til Briksdal. Detaljert statistikk frå Fjord Norway og eigne nettsider gir Briksdal viktig kunnskap i det vidare arbeidet med å nå målgrupper i inn- og utland.

Tegneren takkar for oppdrag med utforming av bodskap og design av annonsar - og kommunikasjon inn mot Fjord Norway.
Kontakt oss gjerne om du ynskjer hjelp med digital annonsering.

Forrige
Forrige

Den nye logoen til Visit Brosundet har lett jugendpreg og hentar inn detaljar frå det vakre sundet som skjer gjennom Ålesund

Neste
Neste

Sande; vakkert også i sølv og emalje