Visit Brosundet med logo frå Tegneren

I Brunholmgata 9 (B9) kan du snart leige nyrenoverte leiligheiter for korte opphald i Ålesund - berre eit steinkast frå Brosundet og alt det Jugendbyen har å dele med oss.

 
 

Logoen til Visit Brosundet har lett jugendpreg og hentar inn konkrete detaljar frå Brosundet.

B og 9 (Brunholmgata 9 vert kalla B9) omslutta av eit kvadrat dannar ikonet i logoen. Løkka i 9 er Skateflua og største løkka i B er ytste pynten på Brunholmen der Brunholmgata endar. Lufta mellom B og 9 utgjer då litt av Brosundet. Hellebroa har også sirkulære utsmykkingar og er slik ein inspirasjon.

Vi takkar for oppdraget og ynskjer lukke til med satsinga i Ålesund.

Forrige
Forrige

Funksjonell nettside til Havila Biogass

Neste
Neste

Briksdal med gode resultat på fjordnorway.com