Messestand

Messe er for mange bedrifter ein viktig arena der ein møter kundar og kontakter. Ein messestand er med på å sette tonen for desse møta, og skal by inn til gode samtalar og signerte kontrakter.  

Tegneren har designa og levert messestandar og -utstyr i mange år. Om behovet er enkle roll-upar, samanleggbare messevegger med lys - eller plassbygd stand designa etter mål - så hjelper vi deg.

Skilt, flagg og bildekor

Skilting dreier seg både om arkitektur, kommunikasjon og informasjonsstyring.

Vi hjelper deg med alt frå små enkle dørskilt og stadionreklame til komplette skiltsystem - inne og ute. Bildekor og flagg er også viktige markørar i landskapet og fine flater å profilere bedrifta di på. Vi tek vare på identiteten din også her.

Profileringskle og -artiklar

Å vere synleg på jakkeryggen til ein joggar i marka eller på ein penn i handa til ein kunde, er med på å bygge viktig identitet for selskapet ditt.  

Tegneren har gode avtalar med fleire kjende leverandørar av profileringskle og -artiklar, og kan tilby deg alt frå enkle capsar og t-trøyer til komplette messeantrekk. Vi leverer også strøartiklar som pennar, paraplyar, drikkeflasker og krus - eller meir påkosta gåveartiklar.

 

Profileringsdesign levert av Tegneren

Klikk på bilda for å sjå meir av arbeidet.