Brakali Group med solid identitet forankra i ishavsbygda Brandal
Etter salet av Libra-Plast AS i fjor, endra eigarselskapet Libra Group AS namn til Brakali Group AS. Så vart Tegneren kopla på for å gi selskapet logo og identitet som femner om fortida og inspirerer for framtida.
Logoen har fått eit reint og sterkt uttrykk med symbolbruk knytt til selskapet sin historikk. Ikonet er sett saman av enkle, grafiske element; ein trekant, ei line og eit kvadrat. Trekanten er eit isfjell og vitnar om opphavet til verksemda og plasserer dei geografisk i ishavsbygda Brandal. Isfjella er majestetiske, men sårbare, og peikar på ansvar i høve forvalting av verdiar. Lina er havranda og knyter selskapet til det maritime og inspirerer til å søke vidare mot nye horisontar. Kvadratet representerer ein karm og knyter Brakali til verksemda som la grunnlaget for selskapet. Kvadratet utgjer også botnen av isfjellet.
Vi takkar for givande oppdrag - og ynskjer Brakali god bør vidare!