Millennium valde Tegneren til å gi form til logo og visuell identitet
Kim og Anders Lillebø etablerer Millennium på Hareid. Det som før heitte Hamnesenterert vert no totalrenovert og gjenoppstår som kontorfellesskap for gründerar, kreative - og andre med behov for fleksibel arbeidsplass tett på spanande ressursar. Millennium skal legge til rette for eit inkluderande og motiverande arbeidsmiljø - og skape 1000 gode grunnar til å trivast på jobben.
Tegneren vart hyra til å gi form til logo og identitet for Millennium, og har designa ikon og profil som femner om verdisettet og forretningsområda til Millennium. Slik knyter ein det visuelle i hop med det immaterielle, og det vert enkelt å fortelle genuine og truverdige historier.
• M • 1000 • millennium
• eigedom • arkitektoniske element
• flokeløysing • kreativitet
• krinslaup • berekraft
• støtte • samhandling
• spire • vekst
• krone • kvalitet