Vone er trygt etablert med gründerpakke frå Tegneren
Elisabeth Elsebø hadde høyrt om gründerpakken vår - og tok i februar kontakt for å få hjelp med logo og profil for nystarta Vone. Vone skulle bli nettbutikk med garn og tilbehør, interiørartiklar og klede - alt i berekraftig naturmateriale.
Vi løyste Vone sin logo typografisk - med reine liner. Uttrykket er lett og luftig, enkelt og nordisk. Repeterande former og dynamisk røyrsle er med å gi eit levande uttrykk. Fargepaletten hentar inspirasjon frå nordisk lys og natur. Vi plukka font med former som slektar på linene i logen. Typen har eit stramt, tidlaust og enkelt uttrykk, men er likevel sjarmerande og personleg.
Vi takkar for oppdraget - og ynskjer Elisabeth varmt tillukke med lansering av nettbutikken!