Vi gratulerer Skogdata med ny identitet og funksjonell nettside

Skogdata valde Tegneren då dei skulle oppdatere logo og grafisk profil. Skogdata er eit av dei eldste dataselskapa i Norge - og sidan dei vart stifta i 1966, har dei stått med ein fot i skogbransjen og ein i databransjen. Gjennom kontinuerleg nyutvikling og forbetring legg dei til rette for berekraft i skognæringa.

Den nye logoen er sett saman av geometriske former. Elementa utgjer samla eit kvadrat. Den øvste delen er toppen av ei gran - den nederste eit wifi-symbol. Slik er ikonet ei konkret visualisering av selskapsnamnet - og viser til digitalisering og berekraft. Ein kan også sjå ein skogkledd ås spegla i vatn; selskapet står fjellstøtt i eige virke. Andre vil sjå hjulspor over grøne enger - eller kanskje ein kongle, med alt av symbolikk som ligg i det; framtidshåp, spreiing og nye spirar. Ikonet seier noko om treforedling, då det også er ein materialstabel eller papirbunke.

Den nye nettsida til Skogdata er bygd i Squarespace. Med bloggmodul implementert vert det enkelt å halde kontakt med kundar og eigarar. Posting via app på mobil gjer redaktørjobben enklare - og med analyseverkty innebygd kan ein fort sjå kva innhald som genererer mest trafikk.

Tegneren takkar for spanande oppdrag - og ynskjer lukke til med modernisering av verksemd og verkty.

 
 
 
 
 
Forrige
Forrige

Vone er trygt etablert med gründerpakke frå Tegneren

Neste
Neste

Leiken identitet til ny festival i Ulstein; Heimebanefest