Då Gro gjekk seg vill på fjellet og Nedrediket vart til Nerderiket
Via Akka kom Gro Katharina Andorsen til Tegneren for å få hjelp med logo og identitet til Nerderiket. Gro er kvalifisert europeisk patentrådgivar - og i Nerderiket hjelper ho små og mellomstore teknologibedrifter med å forstå og nyttiggjere seg immaterielle verdiar som patent, varemerke og design.
Ein herleg tur på byfjella i Bergen ga Gro inspirasjon til selskapsnamnet. Det var stille vinter og landskapet var dekt av lett snø då turfylgjet rota seg vekk i fjellet. I det dei vandra gjennom eit skogbryn og kom ut i ei lysning, openberra det seg eit idyllisk landskap med eit lite tjern. På eit skilt kunne Gro lese at dei var komne til Nerderiket - eller om ein har på brillene; Nedrediket. Men Nerderiket vart romet der Gro kan nerde kring sine favorittema - og hjelpe andre med å finne gullet i dei verdiane dei forvaltar.
Symbol ein kan lese inn i logoen er:
© gir vern av verdiar
Ringar i vann (Nedrediket) illustrerer påvirkningskraft
Labyrinten let seg løyse - Nerderiket hjelper deg å finne gullet
Nerderiket har ulike lag, soner og sektorar
Tiara står for kvalitet
Vi takkar for kjekt oppdrag og ynskjer Nerderiket lukke og hell.