Solid vare frå Ulstein Betongindustri

«Betongen» har ei over 60 år lang historie, som fortel om framtidstru og vilje til hardt arbeid. Moldskred Knuseverk var starten for det konsernet vi kjenner i dag; Ulstein Betongindustri AS med dei seks «døtrene» Ulstein Betong, Ulstein Betong Marine, Ulstein Betong Utbygging, Ulstein Entreprenør, Ulstein Knuseverk og Ulstein Kran & Transport.

«Solid vare» er slagordet for bedriftene, noko Moldskringane er, og har vore kjende for i alle år heilt sidan starten i 1955.

Det er ei glede å få arbeide for den kjekke gjengen på Betongen. Ny profil og nettside er levert, i tillegg til trykksaker, skilt og anna som høyrer med for ei moderne bedrift som framleis «leverer varene».

 
Nettside bygd i Squarespace til Ulstein Betongindustri
Bildekor er del av grafisk profil til Ulstein Betongindustri
Forrige
Forrige

Libra med visuell identitet frå Tegneren

Neste
Neste

Fine by me