Skaparhuset med dynamisk logoprogram og nettside bygd i Squarespace

Skaparhuset har etablert seg ved sjøkanten i Ulsteinvik. Huset er eit møtepunkt for nyskaping og læring; eit drivhus for dei gode ideane og ein arena for læringslivet.

Her på huset har vi fått forske oss fram til eit dynamisk logoprogram for Skaparhuset. Vi har søkt eit leikent uttrykk med menneskeleg og varm undertone. Ikonet er ei enkel 3D-teikning av eit hus. Huset er transparent og kan gi assosiasjonar til eit drivhus. Huset kan snurrast og visast frå ulike kantar. Ein får slik nye innfallsvinklar og perspektiv.
I symbollæra er huset mennesket sitt eksistensielle midtpunkt og krystallisering for sivilisasjonen sine første landevinningar.
I draumeverda er hus symbolet på det som foregår inne i oss.
Ikonet kan også sjåast som ein uslipt diamant eller eit nettverk.

Vi takkar for givande oppdrag med logo, grafisk profil og nettside. Møbleringsplan er også levert.

 
 
 
 
Forrige
Forrige

Lett tilgjengeleg informasjon i ny levekårsplan for Ulstein kommune

Neste
Neste

Smart logo med lun og luftig profil til Visit Ulstein