OSU + Tegneren = vakker utsmykking

Oslo S Utvikling AS er den viktigaste aktøren i Norge sitt største byutviklingsprosjekt i nyare tid. Dei ga oss oppdraget med utsmykking av det nye visingssenteret i Barcode.

Vi sette saman fotocollagar som representerer livet på bygolvet slik det er - og slik ein ynskjer at det skal utvikle seg i dei mykje omtala nye delane av Fjordbyen, Oslo.
Collagane er printa på børsta aluminium, der den største er 5 meter lang. Høgt heng dei i Dronning Eufemias gate 55. Enkeltbilda er montert med ulik distanse frå vegg og overlappar i eit «random» mønster. Slik skaper vi liv til flatene i form av skyggeeffekt når lyset treff. Fotoplatene er heilt utan synleg forankring - ved hjelp av eit system utvikla av ein underleverandør vi har jobba med i meir enn 15 år.
I tillegg til collagane designa og produserte vi enkle analoge display-system til bruk på events i regi av OSU.

Les meir om OSU og Bjørvika her.

 
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Utsmykking for Oslo S Utvikling (OSU)
Forrige
Forrige

OceanTec med identitet og nettside frå Tegneren

Neste
Neste

Libra med visuell identitet frå Tegneren