Då Gro gjekk seg vill på fjellet og Nedrediket vart til Nerderiket

Via Akka kom Gro Katharina Andorsen til Tegneren for å få hjelp med logo og identitet til Nerderiket. Gro er kvalifisert europeisk patentrådgivar - og i Nerderiket hjelper ho små og mellomstore teknologibedrifter med å forstå og nyttiggjere seg immaterielle verdiar som patent, varemerke og design.

Ein herleg tur på byfjella i Bergen ga Gro inspirasjon til selskapsnamnet. Det var stille vinter og landskapet var dekt av lett snø då turfylgjet rota seg vekk i fjellet. I det dei vandra gjennom eit skogbryn og kom ut i ei lysning, openberra det seg eit idyllisk landskap med eit lite tjern. På eit skilt kunne Gro lese at dei var komne til Nerderiket - eller om ein har på brillene; Nedrediket. Men Nerderiket vart romet der Gro kan nerde kring sine favorittema - og hjelpe andre med å finne gullet i dei verdiane dei forvaltar.

Symbol ein kan lese inn i logoen er:

  • © gir vern av verdiar

  • Ringar i vann (Nedrediket) illustrerer påvirkningskraft

  • Labyrinten let seg løyse - Nerderiket hjelper deg å finne gullet

  • Nerderiket har ulike lag, soner og sektorar

  • Tiara står for kvalitet

Vi takkar for kjekt oppdrag og ynskjer Nerderiket lukke og hell.

 
Logo og grafisk profil for Nerderiket
 
Fargepalett for Nerderiket
 
 
Profilering for Nerderiket
Forrige
Forrige

Omprofilering av Tenko

Neste
Neste

Invit Arkitekter sidan 1998