Learnify tek læring og utvikling på alvor - og vi fekk hjelpe dei med logo og profil
I vinter kom Hege Marie Mandt og Per Andrew Lier til Tegneren etter tips frå Silje Urke Antonsen i Køyr. Paret var i etableringsfasen med selskapet Learnify, der dei skal hjelpe bedrifter å forstå potensialet og verdien av å bli gode på læring. Og behovet er der; i ei ny verd med nye kompetansebehov seier 80% av bedrifter at dei har eit kompetansegap eller ventar å ha det innan få år.
Vår oppgåve inn i dette vart å fange essensen av Learnify og gi selskapet ei visuell retning i form av logo og grafisk profil.
Vi takkar for tilliten og oppdraget og ynskjer lukke til med det vidare arbeidet.
Her kan du besøke Learnify på nett.