Ta turen til Flø og sjekk solnedgangen - og dei nye informasjonsskilt der. Hundeposen og colaboksen må du ta med heim!
Flø har eit ope kystlandskap med eit levande jordbruk. Her hentar mjølkebilen den beste mjølka – og du finn buldrefelt og surfspots side om side med sårbare gravrøyser frå eldre bronsealder. Ikkje rart at det melde seg behov for litt venleg rettleiing for ferdsel.
I tett samarbeida med Flø Grendalag og Ulstein kommune har Tegneren fått utforme informasjonsskilt på Flø. Visualisering med ikon og illustrasjonar skal lette formidlinga og skape interesse også hos den yngre garde. Skilta vert sett opp fleire stader i bygda - der det største trykket frå tilreisande ligg.
Vi takkar for kjekt oppdrag og godt samarbeid!