Logo, identitet og nettside til fantastiske Visnes Hotel i Stryn

Vi har designa ny identitet og nettside for Visnes Hotel i Stryn. Vertane, Marit og Arvid, har lenge hatt lyst til å oppgradere den grafiske profilen til hotellet - og nytta rolegare dagar no under pandemien til å gjere alvor av planane.

Logoen og profilen hentar inspirasjon frå fargar og arkitektoniske element i sveitserstilen. Med enkel form er uttrykket likevel tidlaust og skal bygge bru mellom dei ulike stilane ein finn i det historiske hotellet.

Ikonet er bokstaven V sett saman av støttande stolpeverk typiske for sveitserstilen. Mange vil også sjå ein fugl eller eit fjordlandskap typisk for Vestland. Slik gir logoen assosiasjonar til natur og aktivitet. I ikonet skjuler seg også ei urne eller serveringsskål - og snur ein det opp-ned ser ein kanskje ein kleshengar. Dette kan gi hint om vertskap og servering.

Tegneren takkar for givande oppdrag - og inspirerande besøk på Visnes!

Lurer du på kvar du skal ta vegen i sommar? Vi kan varmt anbefale eit opphald på Visnes Hotel i Stryn!

 
Logodesign for Visnes Hotel i Stryn
Nettside bygd i Squarespace for Visnes Hotel
Foldar for Visnes Hotel i Stryn
Foldar for Visnes Hotel i Stryn
Foldar for Visnes Hotel i Stryn
Forrige
Forrige

Artig illustrasjonsarbeid for Ulstein kommune

Neste
Neste

Omprofilering av Tenko