Solide verdisett og kvalitetar er forankra i den nye identiteten til Myklebust Verft

Etter 17 år i Klevenkonsernet står Myklebust Verft igjen på eigne bein - og vi var så heldige at vi fekk vere med og forme den nye visuelle identiteten! Med ei viss ærefrykt har vi gitt 103-åringen nytt andlet og ein framtidsretta grafisk profil. Solide verdisett og kvalitetar er forankra i det nye.

Logoen har fått eit sterkt ikon med enkelt og moderne uttrykk og rom for fleire tolkingar. I tillegg til M og V kan du sjå:

• Straumvirvlar i vatnet etter eit farty (vitnar om framfart)
• At VI er sterkare og lyftar meir og høgare enn ein og ein åleine
• Victory-teiknet som symboliserer siger - eller like gjerne fred
• Ugla som har ry på seg for å vere klok og full av kunnskap og visdom

Vi takkar for eit spanande oppdrag, og ynskjer Myklebust Verft lukke til på eigne bein!

 
 
 
 
Forrige
Forrige

Leiken identitet til ny festival i Ulstein; Heimebanefest

Neste
Neste

Studio Lun etablert med identitet frå Tegneren