Sterk identitet til Ulstein Næringsforum

Vi har gitt form til Ulstein Næringsforum sin logo! Logoen skal femne vidt - han skal fronte næringskonferansar, ulike festivalar, internasjonalt leiande verksemder, den lokale kjøpmannen, reiselivsnæringa og kulturlivet i kommunen. Derfor er det viktig med eit sterkt og enkelt ikon. Med utganspunkt i heraldisk geometri og kontrast har vi gitt ikonet eit universelt og tidlaust preg.

 
 

Symbolikk

Ein båt spegla i sjø seier noko om vår nærleik til havet og den maritime klynga som pregar kommunen vår. Skipsbyggaren har gjennom generasjonar vore med og forma samfunnet vårt. Dette har gitt oss ein unik grobotn for supplerande næringar, offentleg velstand og blømande handel.

Eit fullt timeglas peikar på tida og ressursane vi disponerer. Når timeglaset er rent ned, kan ein snu det og slik starte på ny. Dette kan vere ein inspirasjon til å tenkje nye tankar og sjå nye moglegheiter når gamle sanningar svinn bort. Assosiasjonar rundt tematikken forbruk, gjenbruk og fornybare ressursar ligg der; forvalting av goda og overlevering til neste generasjon.

Eit elemet ber eit anna og viser oss at vi ber kvarandre, lyftar fram det gode i kvarandre. Og det fører oss til ein ny assosiasjon; symbolet kan også vere ein pokal eller medalje.

Bokstavane u og n utgjer grunnforma i ikonet i logoen. I Ulstein Næringslag sin fyrste logo finn vi også ein u og ein n der forma på bokstavane er lik - berre snudd i høve til kvarandre. Slik sett ber den nye logoen i seg litt av den gamle.

 
Forrige
Forrige

Safetyfirst med sterk identitet og nettside frå Tegneren

Neste
Neste

Nettside og oppgradert grafisk profil til Havila Holding