Nettside og oppgradert grafisk profil til Havila Holding

Vi har hatt gleda av å oppgradere og utvide den grafiske profilen til Havila Holding. Dokumentet er omfattande og førande for alle selskape i konsernet.

Logoen vi leverte for vel 20 år sidan har fått små justeringar og følgje av nye fargar, fontar og dekorelement. Vi har sett opp ein overordna bildestil og føringar for papirkvalitet. Eit eige kapittel med retningsliner for språk og stemme, levert av Ekkoloddet ved Torill Myren, er også med.
Kapittel om kommunikasjon på skjem og papir finn ein, og det er sett opp føringar for skilting, bildekor, messe, profileringsty og -artiklar.

Nettside med ny grafisk profil er bygd i Squarespace - med tekster frå Ekkoloddet sin trygge penn.

Med desse verktya på plass er Havila Holding godt rusta for vidare kommunikasjon inn i nye målgrupper.

Vi takkar for givande oppdrag - og ynskjer lukke til på nye arenaer.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Forrige
Forrige

Sterk identitet til Ulstein Næringsforum

Neste
Neste

Island Offshore med profil og nettside frå Tegneren