Seks tips for betre presentasjonsdesign

 

Skal du halde eit foredrag, kan ein godt sydd presentasjon med velkomponerte sider stø opp om bodskapen din - og halde publikum våkne. Her finn du enkle tips som kan hjelpe deg på vegen:

1: Hald sidene enkle og kortfatta.
Fokuser på eitt poeng per side. Har du meir på hjartet? Set det på neste side. Bruk reine motiv i foto og illustrasjonar, og legg opp logisk leseretning.

2: Ver bevisst i val av fontar og fargar.
Om du ikkje har fontar og fargar fastsett gjennom ein grafisk profil; hald deg til ein eller to fontar, og bruk ein enkel fargepalett som stør opp under bodskapen din. Syt for god lesbarheit.

3: Unngå visuelle klisjéar.
Styr unna amerikanske stock-foto og søk motiv som er nærare deg og bodskapen din.

4: Ikkje overdriv bruken av diagram og grafar.
Legg inn kun det som er relevant for saka di. Fokuser på dei viktigaste tala, og hald det enkelt og tydeleg.

5: Legg inn pausar og «tome» sider i presentasjonen.
Er det parti i presentasjonen din der du treng full fokus på deg sjølv - eller eit lite pusterom før eit temaskifte? Legg inn eit pausebilde. Ikkje la det vere ei kvit side - bruk gjerne eit roleg motiv som passar inn i historia di.

6: Test presentasjonen. 
Finn ut om presentasjonen fungerer ved å teste den. Hald foredraget ditt for kollegaer eller venner og be om tilbakemelding. Stør sidene opp om om bodskapen din? Har du nok pausar? Skal stoffet fordelast på fleire sider?

Hugs; øving gjer meister!

Kjelde: TED


Forrige
Forrige

Film fengjer og engasjerer

Neste
Neste

Gode historier engasjerer