Film fengjer og engasjerer

Truleg er nærare 70 prosent av den totale trafikken på internett video. Dei fleste av oss føretrekk å sjå framfor å lese, og med film får du formidla bodskap og kjensler på ein svært god måte. Levande bilete festar seg i hjernen og engasjerer meir enn det skrivne ord - dette kan du drage nytte av i kommunikasjonen med kunden din.

Kravet til kvalitet aukar
Kravet til kvalitet aukar i takt med mengda av film der ute. Vi vert meir kresne - og du skal skilje deg positivt ut og greie halde på merksemda i konkurranse med svært mange. Korte videoar der sjåaren tek poenget innan få sekund har vore eit mantra, men er kvaliteten god er publikum villig til å bruke meir tid. Det er viktig med ein klar strategi for videobruken, ein god idé og godt utført arbeid.

Kvar mann sin eigen kringkastar
Ein ventar også at video vil ta over ein større del av den så kalla innhaldsmarknadsføringa - og live video og streaming via sosiale medie tek av. Kravet til kvalitet er lågare i slik samanhang, og kvar mann kan vere sin eigen kringkastar.

Film er universelt
Briksdalsbre Fjellstove nyttar film i si internasjonale marknadsføring. Med levande bilete og musikk greier ein formidle stemning og storslått natur til eit stort publikum der språk elles ville vere ein barriere.

 

Ein film levert av Hansgarden og Tegneren.

Forrige
Forrige

Bli meir attraktiv med blogg integrert i nettsida di

Neste
Neste

Seks tips for betre presentasjonsdesign