Bruk LinkedIn for fagleg tyngde

 

LinkedIn er, som du sikkert veit, innhaldsplattformen du brukar når du skal bygge fagleg nettverk. LinkedIn vart starta som ein rekrutteringskanal, og har heile 2 millionar brukarar i Norge. Dette er den sosiale kanalen vi har størst tillit til; LinkedIn skorar desidert høgast på sikker datahandtering og innhaldskvalitet - og vi opplever det trygt å dele og diskutere i kanalen. Dessutan er LinkedIn herleg fritt for irriterande annonsar.


Bygg firmaprofil på LinkedIn

Å vere synleg og aktiv på LinkedIn kan vere med å vise selskapet ditt som ein attraktiv samarbeidspartner - eller interessant arbeidsplass. Om du ikkje alt er der, kan det derfor vere smart å bygge ein komplett firmaprofil. Lurer du på korleis det bør sjå ut; sjekk korleis dei store gjer det, og la deg inspirere.
Når profilen er på plass, har du ein god kanal for deling av bransjestoff. Sett opp ein innhaldsstrategi - og her kan du gå i djupta av faget ditt; LinkedIn er nerde-kanal nummer 1!

Tips til innhald

  • LinkedIn er kanalen for fagstoff

  • Bodskapen må opplevast relevant

  • Bedrifter kjøper løysingar på problem (ikkje tenester og produkt)

  • Ha eit overordna tema med ulike vinklingar; skriv artikkel, del undersøkingar, post video og del kundereferansar

Oppfordre gjerne tilsette til å dele innhaldet som firmaet ditt publiserer - slik kan du nå ut til eit større publikum. Du kan også sette opp eit bannerbilde som alle tilsette kan få tilbod om å bruke. Slik bygger du identitet og tilhøyre.

Annonsere på LinkedIn

Ein kan ikkje målrette innhaldet ein postar i LinkedIn. Derfor kan annonsering vere nyttig for å nå ut med bodskapen. Sidan LinkedIn er ein rekrutteringskanal, deler brukarane detaljert informasjon om bransje og stilling. Denne informasjonen kan du filtrere annonsane dine etter - og slik treffe spesifikke målgrupper. Du kan til og med ekskludere bransjar frå målgruppa di.
Annonseformata er karusell, bilde og video. Eksperimentér og finn formen som passar deg og ditt selskap.

Tips til annonsering

  • Skriv ein tekst over innlegget (max 150 teikn)

  • Legg link i teksten

  • Start gjerne med eit spørsmål

  • Bruk gode bilde med emosjon - gjerne med tekst

  • Bruk tal og statistikk for å bygge opp under bodskapen din

Kontakt oss om du treng hjelp med annonsar og innhaldsproduksjon.

Forrige
Forrige

Merkenamn med meirverdi