Opplev Hareid med logo og profil frå Tegneren
Opplev Hareid skal fremje kulturaktivitetar og skape bulyst i kommunen. Omdømebygging og felles identitet skal samle engasjementet i Hareid og skape framtidstru blant eigne innbyggjarar og tilreisande.
Logoen til Opplev Hareid er løyst typografisk og er presentert med ei lett gjenkjenneleg form. Uttrykket er livleg, ujålete og varmt - men likevel stramt og sterkt. Den buktande lina hentar inspirasjon frå vikingornamentikk og monumentet på Overå. Logoen skal inspirere til å utforske og oppleve og vi kan sjå lina som ei reiserute eller ein sti. H kan gi assosiasjonar til sjåverdskringla som viser til kultur langs vegane.
Med utgangspunkt i formene i logoen hentar vi element som kan settast saman i rytmiske eller urytmiske mønster. Dette kan danne fine bakgrunnar eller enkle illustrasjonar. Fargane er inspirert av naturen i Hareid; gyllen sol over varm sand, skogkledde lier, blomstrande utmark og kjølege fjellrender langs frostlagd fjord.
Vi takkar styret i Opplev Hareid for eit spanande oppdrag, og ynskjer lukke til i det vidare arbeidet med profileringa!