Verktøyet som gjer det enkelt å oppgradere til Squarespace 7.1

Nyleg lanserte Squarespace eit verktøy som gjer oppgradering frå versjon 7.0 til 7.1 svært enkelt!

Til no har konvertering skjedd manuelt - og det har tatt tid. Med det nye verktøyet går alt mykje raskare:

  • Med konverteringsverktøyet blir alle sidene med foto, tekst, video og instillingar overført til ny versjon

  • Når nettsida er konvertert går vi manuelt inn og justerer på design, menyar, tilpassar koding m.m.


Kvifor oppgradere til 7.1?

  • Squarespace vil gi support på alle nettsider på 7.0, men det er på Squarespace 7.1 nye funksjonar blir lanserte.

  • I 7.1 har du tilgang til Fluid Engine, Squarespace sitt nyaste “drag & drop”-redigeringsverktøy.

  • Versjon 7.1 er endå betre på søkemotoroptimalisering.

  • Du kan lagre seksjonar slik at du kan nytte dei fleire stader på nettsida - noko som sparer deg for mykje arbeid.

  • 7.1 er betre på mobil, ettersom du kan justere på mobilvisninga utan at endringane får effekt på desktop-versjon.

  • Squarespace 7.1 har betre støtte for universell utforming.


Kva kostar ei konvertering?

Det er litt avhengig av kva type nettside du har, om det er mykje kode på sida og korleis menystrukturen din er. Basert på erfaring ser vi at det går med 4-7 timar på ein slik jobb. Då kan vi også gjere forbetringar/oppdateringar på design - om det er behov for det.
Dei månadlege lisens- og supportutgiftene blir uendra.

Ynskjer du å kome i gang med 7.1?

Kontakt oss på telefon 45441330 eller post@tegneren.no, så set vi opp eit budsjett og legg ein plan for konverteringa.

Forrige
Forrige

Har du ein grafisk profil - så bruk han

Neste
Neste

E-post trumfar sosiale medium som marknadsføringskanal