Sju tips for effektivt innhald (content) i sosiale media

 

1 : Skriv til ein gitt person

For betre å nå inn i målgruppa di, tenk på ein gitt person som representerer målgruppa og skriv til denne personen.

2 : Hald deg til eitt tema

Ikkje bland ulike tema i eitt innlegg. Det vil skape forvirring og gjere bodskapen utydeleg.

3 : Appeller til kjensler hos lesaren

Lesaren hugsar ofte ikkje kva du sa, men kva du fekk dei til å føle. Du kan for eksempel inspirere, opplyse eller glede.

4 : Gjer innhaldet lettfatteleg

Styr unna framandord, bruk enkle formuleringar, korte setningar og stykk opp lengre tekstar med avsnitt og undertitlar. Framhev viktige moment med kulepunkt eller uthevingar.

5 : Legg inn eigne synspunkt

Når du skriv om etablerte tema, legg inn eigne synspunkt for å gjere det unikt og knyte det til ditt brand.

6 : Bygg identitet

Hald deg til ein eller to fontar, og bruk ein enkel fargepalett som stør opp under ditt brand. Du framstår ryddig og målgruppa di kan lettare kjenne deg att i straumen av innlegg.

7 : Ver visuell

Bruk bilde, filmsnuttar, illustrasjonar, infografikk og grafar for å engasjere og gjere innhaldet meir tiltalande.

Var dette nyttig? Her finn du seks designtips for betre Facebook-annonsering.

Forrige
Forrige

E-post trumfar sosiale medium som marknadsføringskanal

Neste
Neste

Slik kan du nå gen Z