Seks designtips for betre Facebook-annonsering

Designtips for betre Facebook-annonsering
 

Det er ikkje til å kome forbi; stadig fleire nyttar Facebook i kommunikasjonen med målgruppene sine. Skal du annonsere på Facebook er det mange moment å ta stilling til - for eksempel design.

Her er seks enkle råd:

1: Vis menneske som brukar produktet ditt, framfor berre produktet åleine.
Hugs at annonsen din vert vist i feeden til målgruppa di og at den skal passe inn der. Annonsen din konkurrerer om merksemda med innlegg frå målgruppa sine vener og familie.

2: Pass på at annonsenbiletet ikkje har for mykje tekst.
For mykje tekst på biletet kan føre til at du vert straffa av Facebook.

3: Fokuser på bodskapen.
Lag eit utsnitt rundt den viktigaste delen av motivet.

4: Pass på at biletet du brukar har høg nok oppløysing.
Du finn anbefalt storleik på Facebook Ads Guide.

5: Gjer det enkelt!
Dersom du køyrde forbi annonsen din i stor fart - ville du tatt poenget?

6: Vis fordelane ein får av produktet ditt, ikkje berre eit foto av produktet. 
For eksempel: ikkje vis berre eit bilete av ein oppskriftsapp - vis måltidet ein kan lage dersom ein brukar appen.

Vidare kan vi tilføye at Facebook rangerer innhald i feeden slik: video først, så bilete og aller sist kjem reine tekstinnlegg. Og skal du ut med video er det avgjerande med korte innlegg der ein kjem til poenget kjapt - gjerne innan 3 sekund.

Kjelde: Facebook 

Forrige
Forrige

Åtte av ti vil lese lange tekstar på papir

Neste
Neste

Bli meir attraktiv med blogg integrert i nettsida di