Kor rask og mobilvenleg er nettsida di?

 

Både Facebook og søkemotoren Google vurderer og rangerer innhald frå nettsider etter kor raske dei er og etter kor godt dei fungerer på mobile einingar.

Facebook syner til at dersom sida di brukar meir enn 3 sekund på å laste, hoppar 40 % av publikum av og tilbake til Facebook. Dette er grunnen til at Facebook no premierer raske sider med høgare ranking i nyhendestraumen sin.

Google har tatt i bruk Mobile First Indexing når dei vurderer nettsida di. Korleis sida di oppfører seg på mobile einingar vert då endå viktigare enn før - både med omsyn til hastigheit og lesbarheit.

Lurer du på kor rask nettsida di er?
Du kan sjølv enkelt finne det ut på pingdom.com
Under 3 sekund kan altså vere noko å strekkje seg etter.

Kontakt oss om du treng rask og mobilvenleg nettside.

Forrige
Forrige

Fleksibel Gründerpakke for sterk identitet og enkel kommunikasjon med målgrupper

Neste
Neste

Åtte av ti vil lese lange tekstar på papir