Logoen er det viktigaste elementet i ein god grafisk profil. Gjennom forenkling og visualisering søkjer vi å fange essensen av kunden i eit unikt symbol som gir attkjenning og identitet.
Ein god grafisk profil inneheld alle dine kommunikative verkemiddel - spesialdesigna og tilpassa di bedrift. Med alle grafiske element samla i ei digital profilhandbok, blir det enkelt å gjennomføre konsekvent design i all kommunikasjon med omverda.
Du oppnår betre marginar med sterk identitet og solid grafisk profil.
Adi rehent fuga. Mendem dollaut eati voluptassit estrum que la vidiciis aut eium conecum acculla dem. Et eossi ra vellautet exeriam remque labore rerfere secus, escid quiam, eum aces.
Moluptatem nonsendi il modistrum res suntibea voloritis maxim dolupta quibus aut quid que et et eliquo imil molores cullibu sciatque num que odit fuga. Adi rehent fuga. Mendem dollaut eati voluptassit estrum que la vidiciis aut eium conecum acculla dem. Et eossi ra vellautet exeriam remque labore rerfere secus, escid quiam, eum aces moluptatem nonsendi il modistrum res suntibea voloritis maxim dolupta quibus aut quid que et et eliquo imil molores cullibu sciatque num que odit fuga.
Nettsida di kan vere næraste kontaktflata til kunden din. Det er derfor avgjerande med god funksjonalitet, at sida har ein lett tilgjengeleg layout som fungerer på ulike plattformer som pc, lesebrett og mobil.
Når du skal etablere ny nettside, er det viktig å tenkje igjennom kva behov ho skal dekkje, og å setje opp ein struktur over stoffet du ynskjer å ha med. Dette gir eit godt grunnlag for arbeidet med design og programmering.
Ein god design tek vare på identiteten din og let deg enkelt og intuitivt navigere gjennom sida. Krav til funksjon og kostnad bestemmer vidare kva program ein nyttar for å kode nettsida.
Og hugs at stoffet du publiserer vert andletet og stemma du gir firmaet ditt. Godt språk og gode bilde og filmar vert derfor avgjerande for sluttresultatet.
I dag snakkar "alle" om content og kundeopplevelse. Med eit virr-varr av kanalar tilgjengeleg, skal ein styre godt for å vere til stades med det rette innhaldet - i dei rette kanalane - til rett tid.
Tegneren kan hjelpe deg med å produsere innhald retta mot målgruppa di, basert på innsikt om kunden, kunnskap om merkevara og produktet.
Form følger funksjon - eller funksjon følger av form? Kva kom først? Høna eller egget. Det som er visst, er at god design fangar interessa, utløyser kjøp, og gir tilfredse og tilbakevendande kundar.
Vi høyrer til den skandinaviske tradisjonen for brukar-sentrert design og leverer alt i frå konseptskisser til ferdig produkt.
Eit design kan vere heilt nytt - eller re-design av eksisterande produkt for å re-aktualisere seg inn mot nye grupper av brukarar eller kundar. I Tegneren har vi kompetanse på begge deler. Det kommersielle vert vektlagt i høve til kultur og trendar. Vi kan bygge opp kolleksjonar basert på innsikt om kunden.
Designtrendar og trykkemetodar er i stadig endring. Vi var der den tida trykkoriginalen vart limt saman av små papirbitar på eit lysbord og vi er her i dag med moderne, digitale produksjonsmetodar.
Enkle skjema og folderar eller påkosta brosjyrar med komplekse gridsystem, lakk og preg. Eksklusivt spesialpapir - eller lavbudsjett til masseutsending. Konvolutt med og utan vindu. Kor brei skal bokryggen vere? Design og layout blir skreddarsydd etter dine ynskje og behov.
Å vere synleg med stand på ei messe, skilt på eit fotballstadion, på ein bil i trafikken eller på jakkeryggen til ein joggar i marka, er med på å bygge viktig identitet for selskapet ditt.
Tegneren har designa og levert messestandar og -utstyr i mange år og vi har gode avtalar med fleire kjende leverandørar av profileringsartiklar og -kle. Vi kan dermed tilby deg eit komplett messe- og profileringsopplegg med alt frå spesialteikna standar, messeantrekk og påkosta gåveartiklar til enkle roll-upar, pennar og ballongar.
Skilting dreiar seg både om arkitektur, kommunikasjon og informasjonsstyring.
Vi hjelper deg med alt frå små enkle dørskilt til komplette skiltsystem, bildekor og flagg.
Innan 2018 er det forventa at nærare 70 prosent av den totale trafikken på internett vil vere video. Dei fleste av oss føretrekk å sjå framfor å lese, og med film får du formidla bodskap og kjensler på ein svært god måte.
Kravet til kvalitet aukar i takt med mengda av film der ute. Vi vert meir kresne - og du skal skilje deg positivt ut og greie halde på merksemda i konkurranse med svært mange. Korte videoar der sjåaren tek poenget innan få sekund har vore eit mantra, men er kvaliteten god er publikum villig til å bruke meir tid. Det er viktig med ein klar strategi for videobruken, ein god idé og godt utført arbeid.
Tegneren samarbeider med animatørar og filmprodusentar og kan hjelpe deg med korte snuttar for sosiale medie eller lengre filmar der dette er teneleg.