Robert Myrene er ny dagleg leiar og kreatør med base i Oslo.
Han er utdanna industridesigner ved Arkitekthøgskulen i Oslo. I tillegg til å designe produkt, har han mellom anna jobba med interiørarkitektur, retail design, båtdesign, digitale media og kjem til Tegneren frå ei rolle som design lead i Stokke AS.
No ser han fram til å slutte seg til Tegneren, verksemda han vaks opp i.
Kontakt Robert her:
Mail robert@tegneren.no
Ring 90183265
Add LinkedIn
Designer / Gozzi
Gozzi hadde utspring i det norske sportbåt-miljøet på starten av 2000-talet, på lik line med Hydrolift og Goldfish. Robert var ansvarleg designer for to båtar som to år på rad fekk førstesida i VG ved lansering under Noregs største båtmesse - "Sjøen for Alle". Felles for båtane var høg grad av innovasjon - med Gozzi sin velkjende kvalitet og ekstravagante materialbruk som fellesnemnar. (Foto: Icon Film AS)

Design lead / Stokke
Robert vart i 2012 rekruttert inn i Stokke AS for å ta ansvar som design lead i eit møbelprosjekt for barnerommet - lansert internasjonalt som Stokke Home. Serien fekk fagleg anerkjenning gjennom tildelinga av Red Dot Design Award 2016, og vidare meir kommersielle utmerkingar i frå bransjen. Robert fekk etter kvart ansvar for å identifisere dei rette trendane globalt og regionalt og for utvikling av konsept og kolleksjonar i grensesnitta mot merkevare og retail.


Freelance for Fjord Boats
Då fjord på '90-talet gjekk retro med sitt Fjord Terne konsept, vart Robert henta inn for å formgi eit klassisk "pleasure boat interiør" der målet var å skape den beste staden for å oppleve ein dag på fjorden. (Foto: Fjord Boats)


Vin labels for Zenato / Winetailor
Zenato er ein godt kjend vinprodusent i Valpolicella. Deira norske importør, Winetailor, ga Robert i oppdrag å formgi etikettar til ein serie av vinar frå produsenten, samt ei rekkje andre italienske og franske produsentar. Amarone, Valpolicella, Lugana, Ripasso, Prosecco... Felles for alle er at dei nytast best i godt lag.